17.11.2026 15:41

Samisk forskarskule blir realitet

Nórsko Nord universitet Autor neuvedený

Nord universitet, Sámi allaskuvla og UiT har no signert avtalen som formelt etablerer den samiske forskarskulen.

Dei tre institusjonane har lenge vore samde om å starte ein samisk forskarskule. No er avtalen på plass, og arbeidet med å byggje opp eit tilbod kan for alvor ta til.

– Dette er eit viktig steg for å auke kompetansen nasjonalt og internasjonalt innan samisk språk og kultur, seier Hanne Solheim Hansen, rektor ved Nord universitet.

– Eg vil takke samarbeidspartnarane våre ved UiT og Sámi allaskuvla og kollegaene våre ved Nord universitet for arbeidet med å utvikle den felles samiske forskarskulen, legg ho til.

Gjennom forskarskulen skal dei tre institusjonane byggje opp eit sterkare samisk forskingsmiljø, med mål om å styrkje doktorgradsutdanninga og rekruttere fleire forskarar til fagfeltet.

No blir det oppretta ei arbeidsgruppe som skal ta til med arbeidet med å organisere forskarskulen.

  • Sjå også: Går sammen om samisk forskerskole
Rektorane signerer avtalen: Samarbeidsavtalen vart signert under UHR-konferansen i Oslo 17. november. Frå venstre: Liv Inger Somby (Sámi allaskuvla), Dag Rune Olsen (UiT) og Hanne Solheim Hansen (Nord universitet). Foto: Julia Sempler Holte (UiT).


https://www.nord.no/aktuelt/samisk-forskarskule-blir-realitet
Autor
Kontaktná osoba
Av: Bjørnar Leknes (Nord universitet) og Vanja Ulfsnes (UiT)

Spoločnosť / Organizácia
Nord universitet
Stiahnuť
Zdieľať
Galéria