21.10.2026 15:04

HVL omfordeler studieplassar

Nórsko Høgskulen på Vestlandet Svein Ove Eikenes
AI zhrnutie

Høgskulestyret vedtok i dag med åtte mot tre stemmer å omfordele 360 studieplassar frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett til Fakultet for helse- og sosialvitskap over ein fireårsperiode.

Styreleiar Arvid Hallén er tydeleg på at omfordelinga ikkje er uttrykk for nedbygging av utdanningar i Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Han seier at vedtaket i dagens styremøte først og fremst er ei budsjettjustering, og ikkje nedbygging av lærarutdanningar.

Høge mål og ambisjonar for heile HVL

– Vi har høge mål og ambisjonar for heile HVL og alle fem campusane. Her er lærarutdanninga vår svært viktig. Vi har landets største lærarutdanning og det er styret svært merksame på å utvikle i det vidare.

Han peikar på at bakgrunnen for saka er at Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har mange studieplassar med finansiering der ein ikkje har studentar, medan Fakultet for helse- og sosialvitskap har den motsette situasjonen.

– Denne ubalansen gjer vi noko med gjennom dagens vedtak. Så skal vi arbeide godt med å auke rekrutteringa til lærar- og barnehagelærarutdanningane våre.

Ei rekke risikoreduserande tiltak

Han understrekar at budsjettjusteringa skal gå over fire år, og at styret vil følgje utviklinga tett over tid. Både gjennom styringsprinsippet der studieporteføljeutvikling har ein hovudgjennomgang kvart fjerde år, men også ved ei årleg mindre omfattande vurdering.

– I tillegg har vi ei rekke risikoreduserande tiltak der vi kan bruke økonomiske avsetjingar, for å støtte opp under og trygge arbeidet på best mogleg måte.

Undervegs i styremøtet i Haugesund fremja styremedlem Hege Myklebust eit forslag til vedtak i saka om ei omfordeling av 180 studieplassar frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett til Fakultet for helse- og sosialvitskap. Det fekk støtte frå styremedlemmene Hege Myklebust, Tom Are Trippestad og Sissel Rosland, og vart såleis ikkje vedteke.

Rektor si innstilling i saka om å omfordele 360 studieplassar frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett til Fakultet for helse- og sosialvitskap gjennom ei fire årsperiode fekk støtte frå styremedlemmene Arvid Hallén, Wenche Kjølås, Bjørn Håvard Bjørklund, Kristine Kopperud Timberlid, Erik Kyrkjebø, Solveig Råheim Grønsdal, Aurora Victoria Farkas og Sindre Øyro. Framlegget til rektor i saka blei med det vedteke.

Her er lenke til styrepapira



https://www.hvl.no/aktuelt/hvl-omfordeler-studieplassar

Autor
Kontaktná osoba
Svein Ove Eikenes

Spoločnosť / Organizácia
Høgskulen på Vestlandet
Stiahnuť
Zdieľať
Galéria
Ďalšie články na podobnú tému