Rapport: Solid er eit fagleg sterkt opplæringsprogram for fosterforeldre
Ein ny rapport frå Proba Samfunnsanalyse, utført på oppdrag frå Bufdir, konkluderer med at Solid er eit fagleg sterkt og oppdatert opplæringsprogram for fosterforeldre, og ei klar forbetring frå tidlegare opplæring. Programmet vart innført som nasjonal grunnopplæring i 2023 og følgjer tre fasar i fosterheimsoppdraget. Evalueringa viser at opplæringa styrkjer forståinga av barns utvikling og behov, men tilrår mellom anna meir ferdigheitstrening, tilbod til familie og nettverk og tilrettelegging for deltakarar med avgrensa norskkunnskapar. Bufdir seier dei vil prioritere vidareutvikling av Solid.
Fosterforeldre får betre opplæring enn før, ifølgje ein ny rapport frå Proba Samfunnsanalyse.
Proba Samfunnsanalyse har på oppdrag av Bufdir evaluert Solid for å finne ut av om opplæringsprogrammet oppnår målet om å gjere fosterfamiliar i stand til å meistre oppdraget.
Rapporten gir eit eintydig bilete av Solid som eit fagleg sterkt og oppdatert program og ei klar forbetring frå tidlegare.
– Me veit at god opplæring og støtte til fosterforeldre er heilt essensielt for at dei skal kunne stå i oppdraget og skape gode liv for barna og fosterfamilien. Derfor er det veldig nyttig for oss å få kunnskap om kva som fungerer og kva som må forbetrast, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.
- Les heile rapporten her
Solid vart innført som nasjonal grunnopplæring for fosterforeldre i 2023. Opplæringa består av tre trinn som følgjer dei sentrale fasane i fosterheimsoppdraget: før eit barn flyttar inn, ved innflytting og medan barnet er buande.
Programmet inkluderer også ein vurderingsprosess som gir kommunane eit fagleg grunnlag for å godkjenne fosterheimar.
Evalueringa frå Proba Samfunnsanalyse viser at programmet blir opplevd som ei klar forbetring samanlikna med tidlegare opplæring, men ho trekkjer samtidig fram forbetringspunkt.
«Ei tydeleg styrking»
I rapporten trekkjer både fosterforeldre, fosterheimstenester og barnevernstenester fram den høge faglege kvaliteten og det moderne kunnskapsgrunnlaget.
Rapporten viser at programmet gir deltakarane auka forståing for barns utvikling, tilknyting, traume og omsorgsbehov. Særleg innhaldet om eigenutvikling, refleksjon og mentalisering blir trekt fram som verdifullt. Mange fosterforeldre fortel at opplæringa har gjort dei betre rusta til å forstå og møte behovet til barna i kvardagen.
Tilrår forbetringar og vidareutvikling
«Vår samla vurdering er at Solid er eit fagleg sterkt program som er godt eigna for grunnopplæring av fosterforeldre, men at det bør vidareutviklast», skriv rapportforfattarane.
Rapporten identifiserer følgjande utviklingsområde som dei viktigaste:
- Behov for å tilby eigne samlingar til fleire deltakarar frå familie og nære nettverk
- Meir ferdigheitstrening på samlingane
- Tiltak for personar med avgrensa norskkunnskapar
- Betre og meir realistisk informasjon om det framtidige samarbeidet med barnevernstenesta. I tillegg deira krav og rettar i forhold til kommunen, og ei tydelegare kopling mellom opplæringa og oppfølging frå barnevernstenestene.
– Me tek til oss tilrådingane frå rapportforfattarane og kjem til å prioritera at Solid blir vidareutvikla i tida framover, seier Bruusgaard.
https://www.bufdir.no/aktuelt/rapport-solid-er-eit-fagleg-sterkt-opplaringsprogram-for-fosterforeldre