Sterke kjensler kring el-sykling
Tre idrettsforskarar ved Høgskulen på Vestlandet skreiv i Sogn Avis 20. november 2024 om betre forhold for el-sykling i Sogndal, mellom anna som tiltak mot trafikkproblem. Innlegget møtte hån og harme i kommentarfeltet, og dei sterke reaksjonane gav forskarane høve til å undersøkje haldningar til el-sykling. Forskargruppa har tidlegare forska på helsefordelane ved å gå og sykle i kvardagen.
Då tre idrettsforskarar ved Høgskulen på Vestlandet skreiv eit innlegg om betre forhold for el-sykling i Sogndal, møtte dei sterke reaksjonar. Debatten blei eit høve til å forske på haldningar til el-sykling.
Då tre idrettsforskarar skreiv avisinnlegg om å betre forholda for el-sykling i bygda, blei kommentarfeltet fylt med hån og harme. Det blei eit gyllent høve til å forske på haldningar til el-sykling.
"Grav ned bilane og gjer Sogndal til Noregs leiande el-sykkelkommune!"
Slik var den optimistiske tittelen på kronikken som stod på trykk 20. november 2024 i Sogn Avis.
Den var skriven av idrettsforskarane Amund Riiser, Ane K. Solbraa og Solveig Nordengen Hatlevoll ved Høgskulen på Vestlandet.
Bodskapen handla om korleis ein underjordisk parkeringsgarasje kunne løyse trafikkflokane Sogndal strevde med, samstundes som betre tilrettelegging for el-sykling kunne gi både bygda og bygdefolket eit solid løft på kjøpet.
Ein forskingsbasert og oppbyggeleg bodskap, syntest dei alle tre. Kronikken deira heldt fram slik: «Å suse opp og ned bakkar på to hjul bør bli typisk for sogningar.» Denne oppfordringa ville appellere til både bygdepatriotismen og fornufta, tenkte dei.
I staden skulle teksten deira vise seg å appellere til heilt andre sider av folk i Sogndal og kringliggande bygder. Nokre av dei, temmeleg mørke.
Kvifor gjer folk som dei gjer?
- Forskargruppa vår har forska mykje på effekten av hyppig gåing og sykling. Vi ser at det å regelmessig bruke eigen muskelkraft til å komme seg rundt i kvardagen, er ein stor helsefordel, seier Riiser.
Bakanfor handlingar som dette, ligg haldningar. Mens handlingane ligg oppe i dagen og er lette å forske på (kor mykje el-sykling skjer det i Sogndal?) er haldningane bakanfor mykje vanskelegare å få tak i (kva synst folk om el-sykling?).
Difor blei den uvanleg harde debatten i etterkant av avisinnlegget deira ekstra interessant for dei tre forskarane.