Du er på ferie og temperaturen nærmar seg 40 grader. Du kjenner at varmen tappar deg for krefter, samstundes som reisefølgjet ditt ser ut til å tole det langt betre.
De er på same stad, same temperatur. Likevel reagerer de ulikt.
Når temperaturen blir verkeleg ekstrem, kan slike forskjellar få langt større konsekvensar.
–To menneske kan oppleve dei same temperaturforholda heilt forskjellig. Likevel bygger mange av dagens vurderingar av termisk risiko på generelle føresetnader om korleis kroppen fungerer. Vi ønsker å forstå betre korleis individuelle forskjellar påverkar kroppens reaksjon på ekstrem varme og kulde, seier Boris Balakin, professor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og prosjektleiar for ThermRisk.
Prosjektet er finansiert av Høgskulen som eit av fleire miljø for framifrå eller tverrfagleg forsking, og samlar forskarar frå alle dei tre fakulteta.
Når menneske blir utsette for ekstreme temperaturar, kan både helse, tryggleik og yteevne bli påverka. Det gjeld i mange ulike situasjonar, i alt frå helsevesen og redningsteneste til industri, forsvar og idrett.
Men kor mykje varme eller kulde ein kropp toler, varierer frå person til person.
Fysiologiske forskjellar, kroppen sin storleik og form, kva vi har på oss og forholda rundt oss kan påverke korleis kroppen handterer temperaturen. Samstundes blir det stadig viktigare å forstå dette betre, for klimaendringane gjer også at hetebølger blir både hyppigare og kraftigare.
Dagens modellar for termisk risiko bygger i stor grad på gjennomsnittsberekningar av korleis menneskekroppen reagerer på ekstreme temperaturar. Forskarane meiner slike modellar ikkje i tilstrekkeleg grad fangar opp forskjellane mellom menneske.
– Når vi brukar ein modell basert på ein gjennomsnittskropp, kan vi gå glipp av viktige forskjellar mellom korleis ekstremtemperaturar påverkar kvart menneske. Det kan gjere det vanskelegare å vurdere den termiske belastninga hos den enkelte, seier Balakin.
Forskarane skal difor utvikle ein digital tvilling av menneskekroppen.
Enkelt forklart er det ein datamodell som skal spegle korleis ein enkelt kropp reagerer under ulike temperaturforhold.
– Tenk på det som ein digital versjon av menneskekroppen. Modellen skal kunne vise korleis kroppen til einskilde menneske blir påverka når han blir utsett for ulike temperaturforhold, og gi oss ei vurdering av den termiske risikoen i sanntid, forklarer professoren.
For å finne ut av dette skal forskarane rekruttere så mange frivillige som trengst for å få eit statistisk godt grunnlag for studien. Deltakarane skal gjennomføre kontrollerte forsøk med både varme og kulde dei neste tre åra.
Professor, Institutt for maskin- og maritime studium på HVL.
Forskarane skal blant anna måle hud- og kjernetemperatur, grunnleggjande hjarte- og karfunksjon og korleis deltakarane sjølve opplever og toler temperaturbelastninga.
– For å lage ein slik modell må vi vite akkurat kva som faktisk skjer i kroppen når menneske blir utsette for ekstrem varme og kulde. Derfor skal vi undersøkje minst 100 personar og sjå på korleis kroppen reagerer under ulike temperaturforhold.
På sikt kan ein meir personleg modell gi betre støtte i situasjonar der ulike menneske blir utsette for stor varme- eller kuldebelastning. Det kan vise seg å bli særs verdifullt for alt frå beredskapsarbeid eller offshore, arktiske operasjonar og andre viktige samfunnsområde.
Målet er å kunne gå frå generelle vurderingar av korleis menneskekroppen reagerer på ekstreme temperaturar, til vurderingar som i større grad tek omsyn til forskjellane mellom menneske.
Fakta om Thermrisk
https://www.hvl.no/aktuelt/kvifor-toler-du-varme-betre-enn-meg