
<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<tiskova_zprava>
    <titulek>
        50 år gamle forsøk viser at østeuropeisk gran veks betre enn norsk
    </titulek>
    <datum>
        24.9.2026
    </datum>
    <autor>
        John Olav Oldertrøen | NIBIO
    </autor>
    <perex>
        Gran frå Tsjekkia, Slovakia, Romania, Ukraina og Kviterussland veks betre i norsk klima enn norsk gran. Det viser nye analysar av forsøk som har pågått i nærare femti år.
    </perex>
    <text>
        
I 1968 og 1969 planta forskarar frå det dåverande Institutt for Skogskjøtsel (no Fakultetet for miljøvitskap og naturforvaltning ved NMBU) ut 72–80 ulike avstammingar, eller såkalla proveniensar, av gran på to forsøksfelt. Eitt på Syverud, Ås i Akershus og eitt på Amla i Kaupanger i Sogn.

Forsøka, som har vorte målt ved fleire høve opp gjennom åra, viser no at gran frå dei austlege og søraustlege delane av Europa har klart betre vekst enn dei norske kontrollpartia. Disse resultata samsvarar godt med dei frå tidlegare proveniensforsøk.

 

Større tre, men ikkje alltid betre kvalitet
Resultata frå målingane i 1982 og 2012 viser at proveniensar frå dei nemnde landa hadde større diameter og høgde enn dei norske proveniensane. Likevel var det ikkje noko klart mønster når det kom til kvalitetsegenskapar som grove kvister, doble greinkransar eller sleivete stammar. Her varierte det mykje både innanfor og mellom regionane.

– Vi har visst lenge at gran frå ulike delar av Europa kan ha ulik tilvekst under norske tilhøve. Desse forsøka stadfestar at det er store variasjonar, og at ein del av dei austlege proveniensane har betre vekst enn dei norske, seier Tore Skrøppa, seniorforskar ved NIBIO og ein av forfattarane av ein nyleg publisert rapport.

 

Stor variasjon innan regionar
Eit av funna var den store variasjonen innanfor dei same geografiske områda. Til dømes varierer høgdeveksten til proveniensar frå Slovakia frå 6,5 til 8,5 meter, avhengig av kva høgdenivå frøa er henta frå. Tilsvarande variasjon fann ein ikkje i Estland, Latvia eller nordaustlege delar av Polen, sjølv om det òg her var store skilnader mellom proveniensane.

– Dette viser kor viktig det er å velja rett frøkjelde når ein skal planta gran. Ikkje alle proveniensar frå same land eller region passar like godt over alt, seier Skrøppa.

På Syverud ble det gjort målingar av høgd og diameter etter 14 år, og av diameter etter 43 år. Den høge korrelasjonen ein har funne mellom dei tidlege og seinare målingane, viser at ein kan gjera utval med godt resultat 10–15 år etter planting.

 

Klimatilpassing og framtidig skogbruk
Forsøka vart oppretta for å undersøka korleis ulike proveniensar tilpassar seg norske vekstforhold, og resultata kan få tyding for framtidig skogplanteforedling. Særleg kan gran frå dei austlege områda vera aktuelle for foredlinga av materialar for låglandet på Austlandet og på Vestlandet, der dei kan vera betre tilpassa eit klima i endring.

– Dersom ein skal sikra god tilvekst og samtidig ta omsyn til klimatilpassing, kan det vera fornuftig å ta meir i bruk gran frå desse områda i norsk skogbruk, seier Skrøppa.

Forskarane konkluderer med at det framleis er behov for vidare testing for å få informasjon om korleis ein best kan utnytta dei beste proveniensane for framtidige klimaforhold. Samstundes gjev forsøka frå 1960-talet framleis verdifulle data for skogbruket.

https://www.nibio.no/nyheter/2026/50-ar-gamle-forsok-viser-at-osteuropeisk-gran-veks-betre-enn-norsk


    </text>
</tiskova_zprava>
