NIBIO har kartlagt jorda langs framtidige vegtrasear på Vestlandet 29.9.2026 Hege Ulfeng | NIBIO Frå Sørlandet til Nordmøre har NIBIO kartlagt matjord langs fleire framtidige vegtrasear. Kartlegginga skal gje vegplanleggjarane eit betre grunnlag for å vurdera konsekvensane for jordbruksareala når nye vegar vert planlagt. Når nye vegar skal planleggjast, må nedbygging av jordbruksareal vurderast opp mot ei rekkje andre omsyn, som naturmangfald, landskap, kulturmiljø og friluftsliv. Kvaliteten på kunnskapsgrunnlaget kan få stor betydning når ulike trasealternativ vert samanlikna. På Austlandet har vegplanleggjarar lenge hatt tilgang til jordsmonnkart. Store delar av Vestlandet har mangla dette kunnskapsgrunnlaget. Difor har Statens vegvesen engasjert NIBIO for å kartleggja jord langs fleire planlagde vegstrekningar i vest. – Eg har vore oppteken av at me må handsama dei ulike temaa så likt som mogleg. Då treng me eit best mogleg kunnskapsgrunnlag, også for jordbruksareal i vest, seier Hilde Sanden Nilsen frå Statens vegvesen (SVV).   Vestlandet mangla viktige jorddata I Vestland fylke er om lag 15 prosent av det fulldyrka og overflatedyrka arealet jordkartlagt. Til samanlikning er rundt 95 prosent jordkartlagt i Akershus, Vestfold og Østfold. I Møre og Romsdal ligg delen på om lag 30 prosent. – I ein konsekvensutgreiing skal me vurdera kva fylgjar ein vegutbygging vil få for samhellet. Me har ein fastlagt metodikk som er skildra i SVV sin handbok for konsekvensutgreiing, V712. Areala vert delt inn i fem klasser frå «utan tyding for konsekvensutgreiinga» til «særs stor verdi», forklarar Sanden Nilsen. – Utan jordsmonnkart kunne me ikkje vurdera jordbruksareal på lik linje med andre tema. Difor har me leigd inn NIBIO der økonomien i vegprosjekta har tillate det. Informasjonen har vore viktig både i overordna og meir detaljert planlegging, utdjupar Sanden Nilsen.   Kartlagt jord langs fleire framtidige vegstrekningar Samarbeidet mellom NIBIO og vegstyresmaktene starta i 2016 i samband med utvikling av verdikart for jordbruksareal. I 2019 starta det første prosjektet med jordkartlegging for SVV i Vaksdal og Bergen. Informasjonen har vorte viktig for planlegginga av E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle. Det siste prosjektet for SVV var i samband med E39-utbygginga i Bergen kommune. – NIBIO si jordkartlegging er den einaste autoriserte jordkartlegginga som dannar grunnlag for offentleg tilgjengelege jordsmonnkart for heile Noreg, seier Siri Svendgård-Stokke, avdelingsleiar i NIBIO og leiar for jordkartlegginga i Noreg. – Me arbeider etter ein standardisert metodikk som gjer at resultata kan samanliknast på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Det er viktig når kartgrunnlaget skal brukast i planlegging og forvaltning over heile landet, seier ho. Siri Svendgård-Stokke på regulær jordkartlegging i Skaun kommune, ikkje på oppdrag for SVV. Foto: Helen Stav Grunn jord og dreneringsbehov For å kartleggje jorda undersøker jordkartleggaren eigenskapar som innhald av sand, silt og leir, mengd organisk materiale, jorda si naturlege evne til å bli kvitt vatn, jorddjupn og innhald av stein og grus. Terrengforhold og synleg fjell i dagen vert også vurderte. Dette er eigenskapar som har mykje å seia for kor godt jorda er eigna for dyrking av ulike matvekstar. – På Vestlandet har me registrert ein god del grunn jord og mange areal med dårleg evne til å bli kvitt overflødig vatn. Mange av areala har vore små og spreidde. Dette er typisk for denne landsdelen og gjer det meir utfordrande å driva jordbruk her, skildrar Svendgård-Stokke. – Samstundes viser kartlegginga vår at mange areal har større produksjonspotensial enn dagens tilstand kan gje inntrykk av. Mange av areala kunne ha produsert meir om dei hadde vorte drenert, seier Svendgård-Stokke. Fastsetjing av innhald av sand, silt og leir under jordkartlegging. Dette er jord med meir enn 40 % leir og resten silt. Foto: Helene Stav   Til nytte for fleire Sjølv om kartlegginga er gjennomført som del av konkrete vegprosjekt, får resultata langt vidare verdi. Kartgrunnlaget vert gjort tilgjengeleg gjennom NIBIO sine opne kartløysingar og kan nyttast av kommunar, konsulentar, rådgjevarar, landbruksnæringa, takstmenn og andre som treng kunnskap om jordsmonn. – Når me kartlegg eit område, skaper vi kunnskap som kan nyttast til mykje meir enn det opphavelege prosjektet. Det gjev også meirverdi for samhellet, avsluttar Svendgård-Stokke. https://www.nibio.no/nyheter/2026/nibio-har-kartlagt-jorda-langs-framtidige-vegtrasear-pa-vestlandet